Friluftslivets år 2025 – oppdag naturen rundt deg i Aukra!
I friluftslivets år 2025 ønskjer vi å inspirere deg til å oppdage og ta vare på din nærnatur, vere ute saman og prøve nye friluftslivsaktivitetar. Kanskje du vil oppdage ei heilt ny glede i i den fantastiske naturen rundt oss?
Vi oppmodar lag og organisasjonar, privatpersonar og andre lokale grupper i Aukra til arrangere ulike aktivitetar. Det kan vere alt frå turar i skog og fjell, sykling langs stiar, samlingar rundt bålet, orientering, padling, fisketurar og mykje meir. Friluftslivets år 2025 skal vere eit felles prosjekt der vi alle er med på å oppdage og ta vare på den unike naturen vår!
Arrangørar kan legge inn aktivitetar i aktivitetskalenderen for Friluftslivets år.
Ta gjerne kontakt med folkehelsekoordinator Tove Charlotte Æsøy om du planlegg arrangement og ønskjer samarbeid.
"Hele Norge båler" - 18. januar
“Hele Norge båler” er startskotet for den landsdekkande feiringa og markeringa av Friluftslivets år 2025. Dette er ei ramme for arrangement over heile landet laurdag 18. januar 2025, og dei påfølgjande dagane. “Å båle” er eit ord som er mest brukt nord i Norge om å fyre bål og å samlast rundt det. Målet med “Hele Norge båler er at det i kvar bygd og by fra sør til nord fyrast opp eit bål eller fleire, og å samle mennesker til aktivitetar og bålsamtalar.
Å samlast rundt bål krever hensyn til naturen, dyr, grunneigar og kvarandre. Det er viktig at naturen er like fin som før der ein fyrer bål og at folk samlast på eigna stadar.
Når du skal tenne bål må du tenkje på:
Plassering av bålplass. Bål skal ikkje tennast på berg eller rullestein, eller forstyrre dyreliv.
Ta med ved og oppfyringsved som skal brukast til bål, og la død ved få bli liggande i naturen.
Forbered for slukking og rydd opp etter deg.
Det er mykje ver og vind i kommunen, men du kan finne ein plass i ly. Vi har mange gapahuker og friluftsområder om også har bålplass, gå gjerne til ein som er nær deg.
Laurdag 18. januar vert det tent bål desse stadane i Aukra frå kl.15.
- Julsundet:
- Eidskrem, i fjøra nord for Eidskremfeltet.
- Hundetjønna
- Gossen:
- Riksfjordremma
- Halingshaughola
Vi har med oss lokale ungdommar frå DNT- Ung i Romsdal, ta turen ut du òg! Ta gjerne med det du treng for ei triveleg stund rundt bålet, hodelykt er lurt til returen.
Naturens gleder i Aukra
I Aukra er vi heldige som har naturen lett tilgjengeleg, med mange turstiar og gapahukar. Vi har sjøen tett på og fine skogsområder. Målet for Friluftslivets år 2025 er at alle skal finne sin eigen friluftsglede, uavhengig av alder eller erfaring. Vi håpar at fleire tek steget ut i naturen og møter den med nysgjerrigheit og respekt. Kva er vel betre enn å dele desse opplevingane med andre? Saman skal vi få fleire til å oppdage og ta vare på sin nærtur, invitere andre ut, og prøve noko nytt.
Om du vil søkje nye opplevingar og utforske området er StikkUT! eit bra tiltak der du får mange forslag til turar, sjekk ut StikkUT!-appen.
Les meir om Friluftslivets år 2025